Samandrag

Elevane hentar ut dei viktigaste elementa i ein tekst, og skriv ein ny samanhengande tekst.

Ein måte å gjere dette på, er å først skrive nokre faktasetningar frå teksten. Deretter vert desse faktasetningane utgangspunktet for samandraget, der eleven omformulerer setningane til ein samanhengande tekst.